Festival med musikalsk breidde - vol. 2!
Sett av 6.-7. juli for to dagar med musikkopplevingar med breidde.
Fjorårets festival vart sydd saman på knappe 4 månadar, og likevel opplevde dei ein suksess der eit publikum på totalt 3 300 fekk oppleve både Madcon og Smokie i kjempeform. Første året med Vanylvsråkk var ikkje berre ein publikumssuksess, det var ein festival som greidde å balansere budsjettet og såleis bli ein suksess økonomisk.
Styret i Vanylsråkk ser heilt klart at den forma festivalen har hatt slår ann, ein festival med ei musikalsk breidde gir ein familievennleg profil med røter i rock. Det er nettopp det dette skal vere – ein arena for musikkopplevingar for alle, der hjartet er Vanylvsråkk festival. Formålet er å på sikt få på plass fleire arrangement i Vanylven gjennom heile året, men først og fremst vil ein stable på beina ein solid festival.
Vanylvsråkk 2012 byrjar å ta form, og Violet Road og El Cuero er signert. Då vi tidlegare kunngjorde Vinni og The Blacksheep på plakaten er dette i tråd med eit program som gjenspeglar samansetninga frå 2011 og vi kan konkludere med at fredagen var fullbooka.
Siste tilføyingane som no gjer programmet på Vanylvsråkk 2012 komplett, er Vassendgutane, Blodsbrødre og Slade!
..vi gler oss!
Les meir om banda under "artistar" i menyen til venstre.
